Historien
Allerede så tidleg som i 1920 starta bokhandler Olav Eikenæs som reisande og solgte til bokhandlarane i fylket for Olav Eikenæs Bok og Papirhandel. Olav Eikenæs Bok og Papir vart på slutten av 50 talet godkjent som papirgrossist. For å bli det måtte dei selge 75 tonn papir i året. Ein vart med i PG kjøp frå starten som då hadde ca 65 bedrifter.
Skrivebøkene vart produsert på Solglimt Trykkeri med papir linjert på Webers linjetrykkeri i Oslo. Hos Solglimt vart bøkene hefta, skore og pakka og påtrykt den enkelte bokhandlars logo på før det vart sendt ut.
Då bokhandlaren flytta over i nye lokale i 1972, skilte ein ut grossist delen i eit eige firma. Ein starta opp med julepynt, leikar, kontorartiklar, gåveartiklar med meir. Epir AS vart registrert 3. januar 1972 med aksjekapital på 250.000.-. Lagerforholda var vansklege den første tida. Ein hadde gamlebygget med 5 etasjar, ein garasje på Granly, gamlelokala til Solglimt Trykkeri med 5 rom og opptil 4 bussplassar hos Firda Billag. I tillegg hjalp ei gammal lada på Austrheim som lagerplass ein periode. Salet føregikk frå ein gammal Volvo som var fullstappa med salsprøve som ein reiste rundt i fylket og hadde utpakning for potensielle kundar. I bilen var det alltid 12-15 fulle koffertar. Når Solglimt fekk seg nye lokale, fungerte det gamle som utstillingslokale slik at mange kundar tok turen dit for å sjå utvalet ein hadde.
Det vart lange dagar for dei tilsette. Dei lokale næringsdrivande besøkte Epir etter stengetid i sine eigne butikkar, så klokka vart både 1 og 2 på natta før ein kunne reise heim.
![]() |
Nytt industribygg
I 1974 henvendt ein seg til kommunen for å sjå på alternative areal for eit nytt industribygg. Først i 1977 var alle spørsmål avklara og ein kunne starte planlegginga. Behovet var grunnflate på 900 m2 i med ca 600 m2 i 2.etasje. Totalkalkylen var på 4,2 mill om ein bygde på den billige måten. Heile 2.etasje vart lagt på reolane som var i 1. etasje for å spare betongskille. Kalkylen skulle vise seg å holde mål.. Av innredning vart det kjøp inn ca 1900 meter småvarereolar til kr 112.000.-, pallereolar til 90 pallplassar kr 8000.- og ein Toyotatruck til 60.000.- som pungterte på veg inn i bygget for første gang. Huset vi i dag er i hadde byggestart 1978 og sto klart seinhausten 1979. Flyttearbeidet stod idrettslaget STIL for.
Datasystem.
I starten vart vareleveringane notert på paragonblokker. Dei vart så samla opp til slutten av månaden før ein skreiv ut faktura på srivemaskin. I 1983 vart det kjøpt inn datasystem. Dette vart klart til igangkøyring på nyåret i 1984. Det var Computer Systemer som leverte systemet. Som i dag var det heller ikkje den gang problemfritt med implimentering av nytt system. Ein vart einige med Computer System om erstatning på kr 35.000.- og alle var fornøgde.
Oppkjøpt..
I 1993 kom ein til eit skille i Epir si historie. Ein hadde sonderinger både mot TG, Norengros og S-Gruppen. Eikenæsfamilien valgt til slutt å selge til S-Gruppen. Sidan den gong har utviklinga godt ein veg. Omsetningsmessig har ein frå starten i 1972 med 1,1 mill i omsetning passert 67,4 i toppåret 2005.
I dag.
Det eine av Maske Gruppens 4 lager ligg i Sandane, og bidrar til distribusjon og logistikk til våre lokale kundar.
I dag er Maske avd Sandane ein stor og viktig arbeidsplass i bygda. Totalt er det 28 personar som har sitt daglige arbeid her. Og det gjør at Maskes avdeling i Sandane er ein stor og viktig arbeidsplass i bygda. Vi har 6 som jobbar i salg, 10 på lager og transport mens dei øvrige jobbar på kundeservice.
Velkommen til et samarbeid med oss i Maske Gruppen i Sandane!


